Norsk
You are here : Home > Aktivitetar > Klatring
Klatring
Nissedal som klatreområde vart oppdaga fyrst og fremst av tyske klatrarar på slutten av 80-talet. Utover på 90-talet vart Nissedal stadig meir populært blant norske, svenske og danske klatrarar. I dag er området eit av dei mest bruka i Norge.Her finn du meir enn 20 ulike fjellparti med fin sva- og klippeklatring på hard granitt av alle vanskegradar. Det er kort anmarsj til dei fleste rutene. I tillegg finn du fantastiske buldreproblem, spesielt ved Hægefjell. I dag foregår det klatring i Nissedal nesten heile året. Vinterstid kan ein finne fine isparti (sjå Norsk Klatring des. 2000).

Rapellering

Me har forskjellige felt (det eine like ved campingen) for rapellering frå 15 til 50 meter.

Nissedal Klatresenter

Nissedal Klatresenter er ein del av Nisser Hyttegrend og Camping.Her finn du innandørs klatrevegg med buldrerom.Anlegget vert bruka av klatrarar så vel som turistar og grupper av forskjellige slag.Her kan du leige utstyr og instruktør, eller du kan klatre på eigahand dersom du har erfaring nok. Me gjev ut klatreførar for området og har sal av klatreutstyr. Mange klatrarar overnattar i våre hytter, i telt på campingen eller i storgamma vår (sjå denne).

Ein del klatrarar ligg også i telt ved det mest populære fjellet, Hægefjell, der me har bygd ein enkel klatreleir med miljøtoalett,avfallsdunkar og grillplass for å ta vare på dette unike området.
Lyst på eiga hytte i Nissedal?
Flotte hytter på utsiktstomter rett ved Nisser til ein uslåeleg pris!